Lokalavis snur om andakt

Jærbladet på Bryne tar inn andaktsspalta igjen - i ei litt anna form.

Det vart sterke reaksjonar i lesarkretsen til tredagarsavisa då det 15. mai vart kjent at redaktøren hadde bestemt å ta ut andaktsspalta frå fredagsutgåva. På sosiale medium vart det truga med oppseiingar av abonnementet (sjå i kommentarfeltet til lenka).

I dagens avis er «Tankar» likevel på plass, skriven av redaktør Hilde Garlid sjølv.

– Jærbladet sine fredagstankar har tydelegvis vore viktigare for mange av lesarane våre enn kva me har vore kjent med, skriv Garlid i spalta.

– Støre og Tajik

Prost Kjell Børge Tjemsland i Jæren prosti var ein av dei som skreiv lesarbrev og oppmoda Jærbladet om ikkje å kutta andakten.

«Breidda i avisa vil snevrast inn, då nettopp det å tillate andaktar er blitt nærast eit kjenneteikn på kva breidde ei avis har», skreiv prosten og la til:

«Skal Jærbladet vere «up to date», bør avisa kunne gje plass til tru og også enkel forkynning i sine spaltar. Markante politikarar hevdar liknande, mellom dei Jonas Gahr Støre og Hadia Tajik.»

Og om avgjerda var uttrykk for ein ny ideologi for avisa, ville prosten gjerne vita kva denne gjekk ut på.

Reaksjonar

Garlid, som sjølv er kristen, skriv at ho er glad for tilbakemeldingane ho har fått.

– Dei aller fleste har vore ekte, varme kjensler for ein fredagstradisjon som dei meiner kjem frå eit grunnfjell på Jæren, og som har ein misjon i spaltene, skriv Garlid.

Men ikkje alle reaksjonar har vore like enkle å ta inn over seg:

– Jærbladet har blitt tillagt redaksjonelle haldningar om folk og tru som me ikkje har, og eg har blitt stempla med verdiar eg ikkje har eit snev av, skriv Garlid.

Fornying

Jærbladet vil altså halda fram med «Tankar», og Garlid opplyser at ho vil lytta til Jens Kristian Mæland, som i eit lesarbrev onsdag rådde til ei fornying av innhaldet.

– Me ber no om bidragsytarar som vil dele sine personlege refleksjonar omkring tru og livssyn, etikk moral og livsverdiar, skriv Garlid.

At Jærbladet ville kutta andakten fekk omtale i mellom anna riksavisa Vårt Land:

«Vi har hatt ein diskusjon gåande i redaksjonen det siste året, rundt det prinsipielle med å ha ein andakt i avisa. Det handler om sjangeren. Fleire har opplevd det som problematisk å ha forkynning for ein bestemt religion i avisa», begrunna Garlid avgjersla si ovanfor Vårt Land.

Press?

Når Jærbladet no tek andakten inn igjen, stiller Garlid i dagens avis spørsmålet om redaksjonen har gitt etter for press:

– Eg vil seie at me har lytta og håpar at det i seg sjølv er ein verdi som denne spalta bidrar til i framtida. Betre innsyn i kva me trur på gir forhåpentlegvis eit varmare samfunn, svarar redaktør Hilde Garlid på sitt eige spørsmål.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.